13. mai 2018

Fyrste veka i Moncton

Nesten ei veke her i Canada. Sundagslista kjem seint denne veka, men me har vore på tur til Nova Scotia no i helga og kom heim relativt seint. Eg skal prøve å ikkje la denne sundagslista bli med punkt berre frå Moncton og Nova Scotia, men lett er det ikkje ;) Ingen tvil om at høgdepunktet var å endeleg få sjå mannen min igjen då eg landa på flyplassen rett over midnatt kanadisk tid. Dei fyrste dagane var som nemnt rolege med omvisning på campus, liten tur langs elva i byen, bibliotekstur (både her og i Halifax), kafétur og no til slutt køyreturen ut til Nova Scotia. Dagane har gått fort og langsamt på same tid, det er rart å vere her samstundes som det er akkurat slik det skal vere. Mange minne er fanga på kamera, og eg kjem etter kvart til å leggje ut fleire blogginnlegg og bilete. Men ting tar tid. No er det på tide å finne fram ei bok og berre slappe av etter mange timar på vegen. Akkurat som for to veker sidan, er det mange punkt på lista denne sundagen:

✦ ein liten kaffidate med ei av mine beste vener berre eit par dagar før eg drog
✦ den femte boka i Anne-serien, og synest det er fint og rart å berre vere ein køyretur unna øya
✦ Colin Firth og Julie Walters skal vere med i ein ny adaptasjon av The Secret Garden
✦ fantastisk vêr då me var ute ved Peggy's Cove for å sjå eit av dei vakre fyrtårna
✦ fin blogg: Et katteliv
✦ at Murdoch Mysteries-finalen (sesong 10) var veldig spennande og at sesongstarten var likeså
✦ og når me snakkar om den serien: gjesteopptreden av Colin Mochrie i ein epside og i den same episoden ei som speler Helen Keller (las Historien om Helen Keller mange gongar som lita)
✦ kose oss her i leilegheita med lokalprodusert vin
✦ så flott at det framleis finst omsorg og nestekjærleik, her på ein flytur
✦ artig å sjå både engelsk og fransk rundt om i butikken
✦ eg trur eg må besøke Gotland i nærmaste framtid, i alle fall når eg ser bloggposten hos Emma
✦ køyrereglar for barn når dei vil låne nettbrett på biblioteket i Moncton, også her på to språk
✦ stilige trapper på biblioteket i Halifax
✦ vanskeleg å sjå (biletet blei lite), men på den lokale Fretexen har mange bøker av Agatha Christie
✦ "Winter Games", OL-temaet frå Calgary 1988, herleg fengjande og tøft
✦ all den kule gatekunsten her i Moncton
✦ gode tips til korleis ein kan leve eit plastfritt liv, og ein kan faktisk starte i det små
✦ lese ut den fyrste krimboka om Vera Stanhope, nemleg The Crow Trap
✦ heiar på #bygdepride
✦ besøke den fargerike og koselege byen Lunenburg på Nova Scotia
✦ alt ein kan bruke gamle bøker til
✦ og sist, men ikkje minst: sjå mannen min igjen!

Legg igjen ein fin tanke