18. mai 2018

Citadel Hill

Etter å ha ete ein god frukost, var det på tide å sjekke ut og komme oss vidare. Planen var å stikke innom Peggy's Cove og Lunenburg før me køyrde heim til Moncton. Før me tok ordentleg fatt vidare frå Halifax, var me ein tur oppe på Citadel Hill. Dette er eit stjerneforma fort (stjerna kan de sjå på her). Konstruksjonen byrja i 1749 då Halifax blei grunnlagd, men den som står der no er den fjerde versjonen, laga mellom 1818 og 1861. Hadde me tenkt oss om, hadde me lagt inn betre tid slik at me kunne få omvisning med guide. Men, men. Fascinerande å sjå likevel. Ei smal trapp førte oss opp til toppen, og der var det jaggu med ein som stod i kilt og spelte sekkepipe. Nova Scotia betyr jo "Nye Skottland", og det var tidleg skotsk busetting i provinsen. Store kanonar og kanonar i alle storleikar såg me fleire av. Sidan me var der relativt tidleg, var det god plass til oss alle.


Ikkje fullt så enkelt å eksponere riktig når sola står høgt på himmelen og skin som aldri før. Men me fekk no ei grei oversikt over byen om ikkje anna :) I sjølve borgmuren såg me nokre gamle master frå to båtar og ein annan plass gjekk det ei trapp ned til eit stort hol. Nedst til høgre i kollasjen kan ein skimte den gamle byklokka. Ein flott start på ein super dag.

Legg igjen ein fin tanke