20. mai 2018

Kvardagar på ferie og langhelg til P.E.I.

Rart korleis dagane går i eitt, berre fyk av garde. I morgon er det allereie to veker sidan eg landa i Moncton. Med tanke på helga på Nova Scotia førre helg og ei langhelg til Prince Edward Island no, ligg eg litt etter med bileta. Men eg ønskjer ikkje å stresse og tenkjer at eg heller kan ta nokre tilbakeblikk på vekene her i Canada sånn litt etter litt, slik eg gjorde etter Interrail-turen i fjor. For eg er jo ikkje på ferie for å blogge ;) Veka har vore roleg. Me var på konsert på måndag og på torsdag feira me nasjonaldagen med flagg, lunsj på kafé og middag hos mentoren til mannen min og kona hans. Kjempehyggeleg kveld med god mat og mykje bra prat. I går køyrde me over The Confederation Bridge og blir her på Prince Edward Island til tysdag. Vakker øy, skildra så godt i bøkene om Anne of Green Gables. For det er ingen tvil om at det er noko av grunnen til at me er her. Musikal, museum, forfattarens heim i Cavendish og meir. Litt turist, men det er jo det me er. Få planar no i kveld. Herleg å ha god tid, høyre på roleg musikk, skrive denne bloggposten:

✦ meir fargerik gatekunst, denne frå Halifax sentrum
✦ "Top 10 Severus Snape Quotes to Remind You How Vicious He Was"
✦ køyre over den store brua frå New Brunswick til Prince Edward Island
✦ stoppe innom Anne of Green Gables-butikken i Charlottetown
✦ koseleg kafé og fint fyrtårn i Victoria-by-the-sea
✦ passar jo bra å dele denne no: "Ten things Anne of Green Gables taught me"
✦ og denne også: korleis Anne of Green Gables inspirerte under andre verdskrig
✦ sollyset inn i leilegheita ein av dagane denne veka
✦ ein eg kjenner frå skulekorpset er no ute på seiltur, tøft å følgje reisa på bloggen
✦ symfoniorkesterkonsert på Capitol Theatre
✦ alltid morosamt med Crosswalk the Musical, denne gongen The Phantom of the Opera
✦ lese ute i sola utan at det blåste for mykje
✦ feire 17.mai med norske flagg, kaffi, middag og godt selskap
✦ søtaste kattungane: denne og denne
✦ hadde ikkje noko store forventingar, men eg storkoste meg på musikalen Anne & Gilbert
✦ blomar på treet og ein fin benk ved Moncton City Hall
✦ så mange kule bilete med emneknaggen #dresslikeabook
✦ fann plutseleg ein kjempebra bruktbokhandel i Charlottetown der eg fann to supre krimbøker
✦ overnatte på eit kjempeflott vertshus i byen
✦ lese ferdig ungdomsboka Will Grayson, Will Grayson medan flagga vaia i vinden
✦ trur me alle treng ein slik tur i einsemd i ny og ne
✦ besøke museet Anne of Green Gables og fødestaden til forfattaren Lucy M. Montgomery

Legg igjen ein fin tanke