23. mai 2018

Biblioteket i Halifax og Capitol Theatre i Moncton

Onsdag, nesten midt i veka. Kjenner det tar tid å lande etter langhelga ute på Prince Edward Island. Me var heldige med vêret og eg skulle så gjerne ha vore der ei veke. Kanskje kan me ein gong dra tilbake, reise rundt heile øya, nyte utsikta, bade viss det er endå varmare i lufta, bruke meir tid i Charlottetown, besøke Avonlea Village. Men eg skal ikkje klage, me fekk gjort mykje på desse dagane og hadde det superfint. I dag kjem det bilete frå biblioteket i Halifax og frå Capitol Theatre her i Moncton. Biblioteket i den største byen i Nova Scotia stod ferdig i 2014. Arkitekturen er eit samarbeid mellom lokale Fowler Bauld & Mitchell og danske Schmidt Hammer Lassen. Stilig bygg, opent og lyst med store trapper mellom etasjane. Reine linjer, men også sterke fargar på bord og stolar innimellom. Den dagen me var der, var det fullt trøkk med cosplay, og me såg mellom anna Pikachu. Å sitje med ei god bok ved dei store vindauga når sola tittar inn, det er nok alle tiders, det. Me fann ei lita avdeling med bøker på norsk (!) og til og med Hvem kan trøste Knøttet? på engelsk.


Måndag førre veke drog me ned til byen då klokka byrja å nærme seg seks. Me skulle på konsert med Symphony New Brunswick i Capitol Theatre. For når ein er i Moncton, er visst teateret ein plass ein må besøke. Flott utanfrå og endå flottare inne. Storslåtte detaljar, ornament overalt, ein stil som ein ikkje finn i moderne bygg. Til og med inne på toalettet var det noko å ta bilete av: sjakkbrett på golvet og mørke fliser på veggane. Litt dårleg akustikk for orkesteret (lite rom, tørr klang), men musikken var bra og solistane var dyktige. Ein fin kveld ute saman med mannen min!

Legg igjen ein fin tanke