Korleis skal eg oppsummere denne veka? For den starta ute på Prince Edward Island og sidan har det gått slag i slag. Okei, dagane midt i veka var ganske rolege, men heile helga har me vore ute og farta. Ønskjer jo å få med oss mest mogleg når me fyrst er her. Som eg allereie har nemnt i ein tidlegare bloggpost, ligg eg laaangt bak med å dele bilete av alt det me opplever her ute på Canadas austkyst. Men sidan det blir mykje jobb i juni og juli, er det jo kjekt å ha noko fint å sjå tilbake på og så kunne dele det her på bloggen. På lista denne veka blir det berre eit lite utval med bilete, for med vekas start på P.E.I. og vekas slutt på blant anna Hopewell Rocks, ville det ha blitt eit ordentleg bileteras viss alt skulle ha vore med. Har no likevel prøvd å oppsummere så godt eg berre kan:
✦ alltid ei god bok, og no er Anne of Ingleside lesen ut, her ved Anne of Green Gables-museet
✦ heilt rått å sjå dei store forskjellane på flo og fjære ute ved Hopewell Rocks
✦ morgonstund med kaffi og solstrålar
✦ oppdage meir gatekunst her i Moncton
✦ sjå ein Snipp eller Snapp då me gjekk rundt på Green Gables-området
✦ fem supre bruktfunn på nærmaste gjenbruksbutikk og ein 60-talskjole frå ein vintagebutikk
✦ videosamtale med pappa – lått og løye med mamma, broremann og Zalo i bakgrunnen
✦ neste reisemål må jo vere Gotland, i alle fall når eg tittar innom Emma sin blogg
✦ høyre på songane frå musikalen Anne & Gilbert om og om igjen
✦ innimellom P.E.I. og køyretur i helga: mykje tid til lesing
✦ køyre yttervegen i Cavendish og ete på Blue Mussel Café før me drog tilbake til Moncton
✦ "20 Most Memorable Gilbert Blythe Scenes in Anne of Green Gables" (frå filmane)
✦ dra innom laurdagsmarknaden her i byen og etterpå ete på ein koseleg kafé
✦ apropos koseleg kafé: lunsj hos Cinnamon Soul Café i dag etter ein tur ute på Hopewell Rocks
✦ endeleg finne dei to Agatha Christie-bøkene som eg har leita etter
✦ lesing i sola på strandpromenaden ute ved North Rustico
✦ "25 of the Best Insults From Literature"
✦ stas å ta turen innom Green Gables Heritage Site og sjå det "ekte" huset
✦ gå ute på den lange planke- og flytebrua på Greenwich på P.E.I.
✦ og gå ein litt liknande tur på sanddynene ute ved Bouctouche
✦ alltid ei god bok nr. to, for eg likte godt Anything is possible (saman med kaffi og sjokolade)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Kjenner jeg er litt misunnelig, det ser så fint ut der! Men nå er jeg i grunn misunnelig på alle som er ute og reiser, det har blitt lite reising på oss de siste årene og blir vel lite i år også. Vi får håpe på en fin sommer i Norge. Håper dere får en fin uke! <3
Eg veit me er heldige som har moglegheit til å ta denne reisa no, særskilt det at eg kan ta meg ein lengre ferie. Men eg er faktisk litt misunneleg på de der heime, for der har det jo vore kanonbra vêr! ;) Joda, me har hatt sol, men varmen har ikkje slått til like mykje. Satsar på å få litt finvêr i juni og juli, for då skal eg vere heime og jobbe. God veke til deg og dine også, Ida <3
Legg igjen ein fin tanke