31. aug. 2016

Laurdagstur rundt eit vatn

På laurdag tok me bussen ut til Endrestø for å gå tur rundt Hålandsvatnet. Vêret var akkurat passe med sol, blå himmel og litt skyar innimellom, ganske stor kontrast til korleis det er her i dag. Det var den perfekte starten på helga, rett og slett! Løypa rundt er ikkje meir enn ca. sju kilometer, men det er jo så mykje betre enn ingenting ;) Og sjå så fint det er der! Må ta turen dit litt oftare.


Kan vel trygt seie at det nokre plassar var litt over- og attgrodd, men det er jo eit eller anna med syn som dette. Som den steinbenken som er så grøn av mose at det er vanskeleg å sjå at det er stein.


Svanene kom oss i møte ganske tidleg på vår ferd, og dei var som vanleg ganske så fine.


Så klart blei det kaffipause. Mat i same slengen, for du veit kva dei seier: Utan mat og drikke, duger helten ikkje. Fekk mannen til å smile sjølv om han ikkje alltid er så gira på slike oppstilte bilete.


Berre sjå. Himla vakkert! No byrjar i tillegg haustfargane så smått å dukke opp rundt omkring, som den lilla lyngen og raude rognebær. Det gjer det jo berre endå vakrare! Slik såg det forresten ut då me gjekk tur rundt det same vatnet på same tida i fjor. Håper på eit snarleg gjensyn, fine vatnet.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Nydelge bilete! No fekk eg lyst til å gå tur. Berre gå og gå og gå, og av og til stoppe opp for å ta bilete - eller for å ta meg ein kopp termosvarm te.

Hihi, eg skjønar i grunn mannen din litt - men samstundes tykkjer eg litt halvvegs oppstilte bilete er veldig fine å sjå tilbake på, so eg øver meg på å late meg sjølv bli fotografert frå tid til anna. Men det krever gjerne at ein er mentalt førebudde på det!

Silje sa...

Slike turar er rett og slett gode som gull! Er så godt å berre gå for å gå, slappe av og nyte naturen :) Eg kjenner i alle fall at det gjer godt både for kropp og sjel ^^ Måtte le bittelitt av den siste kommentaren din ;) Trur nok at han fine kan kjenne seg igjen i akkurat det du skildrar. Men som du seier så er det jo veldig fint å ha slike bilete som ein kan sjå tilbake på ^^

Legg igjen ein fin tanke