1. aug. 2016

Tante Bruun

Ny måndag, ny veke, ny månad. Min betre halvdel byrja offisielt som doktorgradsstipendiat i dag. Eg har enno litt ferie igjen og eg har nok enno ein haug med bilete frå Noregsferien vår som eg gjerne vil dele. I dag tar eg dykk med tilbake til fredag for halvanna veke sidan. Då var me fyrst innom Langevåg og Devoldfabrikken, ein klassikar i mine auge. Etter å ha vore der, stakk me inn til Ålesund sentrum og Tante Bruun, vår stamkafé når me er der. Slo til med kvart vårt kakestykke og kvar vår kaffi. Me sette oss ut i bakgarden denne gongen, og her var stilen rustikk og røff.


Som eg nok heilt sikkert har nemnt tidlegare år, er det så mange kule og fargerike detaljar å leggje merke til når ein er innom Tante Bruun. Noko er nytt, men ein finn også mykje gjenbruk. Den kule lampa i vindauget ville ha passa perfekt til vår store, gule lampe som me har i stova her heime ;) Og så er eg veldig einig i mottoet på veggen over døra! Kaffi er rett og slett ei ordentleg bra greie.


Hit kjem me fint tilbake, gong på gong. Til retro puter, friske fargar og herleg atmosfære.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Ypparleg kombinasjon av gamalt og nytt, elegant og røft. Kjekt med litt interiørinspirasjon!

Silje sa...

Må berre seie at eg verkeleg kjenner meg heime i denne kaféen! Så mykje fint, nytt og gammalt om kvarandre ^^

Legg igjen ein fin tanke