17. aug. 2016

MS Finnmarken

For akkurat nøyaktig tre veker sidan sa me "ha det" til Sjøholt og Sunnmøre. Ferden gjekk vidare til Bergen med hurtigruta frå Molde. Denne gongen var det MS Finnmarken som skulle få oss fram (og fun fact: eg hadde visst reist med denne båten ein gong før for sånn femten-seksten år sidan). Me fekk eit firemannsrom sjølv om me berre var to, men ein klager ikkje på det. God plass i alle fall.


Vêret viste seg ikkje frå si beste side, men det er likevel ein sjarm med regndropar på vindauget.


Me la oss ikkje med ein gong (båten gjekk kl.21), så me tok med oss kvar vår bok opp til det øvste dekket. Ein drink kvar, såg på landskapet ute, alle folka rundt oss og interiøret. På veg ned til lugaren, tok me ein selfie i heisen. Ha, ha, eg smilte breitt medan han berre var sånn passe nøgd ;)


Vakna opp ein eller annan gong i ni-tida torsdag morgon. Ut av lugaren før ti. Fram til me var framme i Bergen halv tre, sat me i ein av salongane og las, drakk litt kaffi, gjekk rundt på skipet og såg på alt og ingenting. Fekk vibbar til danskebåten av dei fargerike ballongane og dansegolvet, og eg må innrømme at eg fekk eigentleg ganske lyst til å hoppe og sprette blant ballongane. Store barn, små gleder. Endå ein fin tur med hurtigruta, og døgnet i (nesten) Bergen var veldig hyggeleg!

Legg igjen ein fin tanke