2. sep. 2016

Fine bruktkjøp frå vår lille Noregsferie 😊

Etter mykje om og men, har eg endeleg funne tallerkenstøtter i plexiglas og har no fått sett ut dei fine loppisfunna som blei kjøpt inn i løpet av vår lille Noregsferie. Alt utanom koppen til venstre hadde eg liggjande frå før, men sidan ingen av tallerkenane har stått i bokhylla før, tar eg dei med i dette innlegget likevel. Det lille tefatet er frå Figgjo og er i serien Marianne. Tallerkenen hadde eg jo frå før, så då eg fann koppen i same serie på Kyrkjetorget, måtte eg berre ha den med heim. Serien er Nordfjord frå Figgjo. Koppen som er kvit og blå veit eg ikkje kor er frå, men den er så fin likevel.


I Kristiansund stoppa me jo for å ete lunsj, og på veg tilbake til bilen såg me ein bitteliten bruktbutikk som me så klart måtte innom. Meininga er å ha den ute på balkongen med ei plante oppi, men det får nok bli neste år ;) Eg trur den er frå VEB Steingutwerk Torgau, Aust-Tyskland.


Til slutt den hylla der det berre er "nye" ting", det vil seie at eg fann alt i løpet av Noregsturen i sommar. Okei, alt bortsett frå fløtemugga til høgre. Den fann eg i april, så litt ny er den jo. Tallerkenen til venstre er i serien Milano frå Rørstrand, og eg har heilt ein lik tallerken frå før (sjå her og her). Kjekt å ha to av same slag innimellom. Skåla og fløtemugga til venstre er i serien Sera frå Stavangerflint medan tallerkenen og fløtemugga til høgre er i serien Astrid frå Figgjo. Den lille, djupe skåla er merka Stavangerflint, men eg er usikker på kva serie den høyrer til. Hugsar at eg fann den på Gjenbruksløa i Sveio på veg til Bergen. Viss du køyrer forbi, så hugs å stoppe innom!

2 kommentarer:

tea, books and gilmore girls sa...

Så mye fint! Veldig smart å la det stå fremme, er jo så fint å se på ^^ God fredag <3

Silje sa...

Liker best å ha slike bruktkjøp i bokhylla eller framme på eit bord nettopp fordi dei er så fine ^^ God fredag til deg også, kjære Ida <3