Ute er det kanonbra vêr i dag. Sola skin og eg har allereie kost meg med ei bok og kaffi ute på balkongen. Slappar av og tar det med ro. Skal på jobb i morgon og torsdag medan på fredag og resten av helga blir det tur til Austlandet der me skal i 70-årsdag. Bileta av desse gule vassliljene og dei fine endene er tatt i byrjinga av juli. Plassen er Mosvatnet. Blomane er nok avblomstra no, men fint å sjå tilbake på og kjekt å dele når det viser seg at eg hadde glemt akkurat det då dei blei tatt.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så koselige bilder <3 Mosvannet er så bra!
Mosvatnet er alltid ein klassikar om ein treng å lufte seg litt :) Tusen takk for fin kommentar, Luisa ^^
Legg igjen ein fin tanke