25. aug. 2016

Sjømennenes minnehall og Stavern

Før me åt middag førre fredag, drog me alle fire frå Larvik og inn til Stavern der me så vidt fekk med oss Minnehallen. Sjømennenes minnehall er eit nasjonalt minnesmerke over norske sjøfolk i handelsflåten som mista livet under 1. og 2. verdskrig. Det er eit stort minnesmerke, bygd som ein slags pyramide. Inne er det friser oppe ved taket og ein stein med dikt av Herman Wildenwey. Nede i kjellaren finn ein minneplater på veggane med namn på dei som mista livet. Flott og sterkt.


Viss ein går rundt langs Minnehallen, får ein sjå ein knallfin utsikt over Korntin og ein del av Stavern. Vêret var verkeleg på vår side den fredagskvelden. Sol og sommar, litt vind i håret. På ei av bergsidene ved Minnehallen er det hogga inn eit dikt, eller minneord, også dette av Wildenwey.


Etter å ha vore ved og i Minnhallen, var det på tide å finne barndomsheimen til mamma, noko me faktisk gjorde :) Me åt middag, og gjekk også litt rundt berre for å sjå oss omkring. Tordenskiold såg me på avstand, og dette lange, raude huset med alle blomane drog meg rett tilbake til Danmark.


Stavern kyrkje, eller Frederiksvern kyrkje som den eigentleg heiter, er frå 1756 og blei oppført som ei garnisonskyrkje. Det var her mamma blei døypt då ho var lita. Ei veldig fin kyrkje, noko som alle blomane ved kyrkja var med på å forsterke. Til slutt blei det visst også eit bilete av han og eg :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Koselig bilde av dere! Det så ut som en fin tur :) jeg har vært alt for lite på den kanten av landet, har vært i Larvik, Grimstad og Kristiansand hvert fall, men det er mange år siden nå.

Silje sa...

I oppveksten har eg jo vore ein del på Austlandet i og med at mange av mine slektningar bur der. Men Larvik og Stavern hadde eg til gode, så det var nytt også for meg ;) Og jepp, me hadde ein veldig fin tur ^^

Legg igjen ein fin tanke