29. aug. 2016

Lange sommardagar

Hugsar du korleis ein sommardag då du var fem, ti eller kanskje tolv år, alltid virka så lang? Så mykje lengre enn det ein sommardag gjer no? Ein var ute og leika med naboungane til sola gjekk ned, bada i sjøen, åt is kvar gong gradestokken viste over femten gradar. Inne stod det ein stabel med bøker slik at ein alltid hadde noko å lese på, både seint og tidleg, ute på graset i hagen eller inne i godstolen medan regnet bøtta ned ute. Tida går jo like fort no som den gong, det veit eg, men barndommens somrar, når eg ser tilbake, virka så mykje lengre, dei berre varte og varte og varte. Sommardagane og -ferien hadde ingen ende, og latteren og gleden rakk til langt utpå natt.

Sjølv om klokka var langt over leggetid, fekk ein vere oppe litt lengre enn vanleg, ja, endå litt til. Spele kort eller UNO med dei vaksne, for dei hadde tid. Springe rundt barbeint i graset eller leite etter perler i blåskjell nede i fjæra. Ein sommardag før kjennast så annleis ut enn det den gjer no. Forventningane er større no, eg trur ikkje me tenkte så mykje på det som små ungar, ein berre stod opp og lot dagen bli til utan så mykje tankar og stress om korleis dagen burde vere. Så klart er det slik ein hugsar dagane, og som vanleg speler nok hugsen meg eit lite puss. Sommardagane før var nok ikkje så himla bra som det eg hugsar, men likevel. Ein sommardag no er ikkje det samme som ein sommardag då ein var lita, utan særskilte tankar og anna stress. Og kor blei eigentleg sommaren av? August er på hell, og på torsdag er september og hausten her. Skal prøve så godt eg kan å ta i mot årstida med opne armar sjølv om våren og sommaren er mine favorittar.

Legg igjen ein fin tanke