4. aug. 2016

I fjæra på jakt etter glasbrot

Throwback thursday. Eit lite tilbakeblikk på førre måndag då me gjekk frå barndomsheimen hans og ned til fjæra i bygda. For det fyrste gjorde det godt å bevege litt på oss og for det andre er det alltid moro å traske rundt i ei steinfjære for å leite etter steinslipte glasbrot. Raude og okergule båthus. Drivved langs fjæra. Eit stort smil kvar gong han eller eg fann ein bit med glas.


Veit ikkje heilt kva eg skal med alle desse glasbrota enno. Eller, det vil seie at eg har ein den idéar, men veit ikkje heilt kva som kan fungere best (ha jo samla i nokre år no, så snart  eg vel gjere noko med dei...). Uansett var det fint å kjenne sjøluft og berre nyte vêret. Og som vanleg når mannen min skal ta bilete av at eg poserer, blir det ikkje berre eitt, men gjerne både to og tre ;)

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

So utruleg fine bilete!

Hoho, kjenner meg veldig att i det med å plukke glasbrot. Det er jo ei form for skattejakt, og solskin gjennom farga glas er utruleg vakkert. Då eg var mindre hadde eg ei skoøskje full av glasbrot, men skjønte at eg ikkje kunne ta vare på alle. So då plukka eg ut dei finaste (det vil seie alle dei grøne og nokre av dei brune som nesten var litt ravfarga), og dei ligg no i ei blank glasskål i vindaugskarmen. Det er i grunn veldig dekorativt, men ein del av meg funderer veldig på kva ein skulle ha laga med dei. Du får seie ifrå om du kjem på noko lurt!

Silje sa...

Godt å høyre at det også er andre enn meg som har samla på slike glasbrot opp gjennom nokre år ;) Enn så lenge har eg dei i ein vase til pynt, men har fundert på å lage ei uro av dei. Eller smykke eller mosaikk. Er jo "berre" til å søke på "sea glass ideas" på nettet, men eg seier "berre" fordi det finst så mange gode idéar :)