2. aug. 2016

Moldejazz 2016

Dagen etter Langevågturen og kafébesøket, nærmare bestemt laurdag 23. juli, tok me bussen inn til Molde for å få med oss siste rest av årets Moldejazz (sju år sidan sist!). Frå busstasjonen traska me bort til Alexandraparken for å høyre litt på dei som stod på scenen. I Alexandraparken er det gratiskonsertar på dagtid og konsertar med billett på kveldstid. Bra musikk og herleg stemning.


Ein kunne merke at det var siste dagen, for det var lite trengsel i gata sjølv om vêret var fint. For oss var det heilt fint, akkurat passe. Som det ofte er når det er byfestivalar, var det også i Molde mange små buer med all slags mogleg dilldall langs den eine gata. Me klarte å halde oss unna, og stakk heller innom to bruktbutikkar (som eg hadde sett meg ut på førehand). Kjøpte ikkje dette serviset – servise har me nok av – men det blei med ei lita skål og ei fløtemugge frå den eine butikken :)


Ingen "Rosenes by" utan roser og blomar. Må få seie at den rosen av graffiti er ganske så kul. Street art er generelt ganske tøft. Før me gjekk bort til busstasjonen, drakk me kvar vår kopp med kaffi på Kafé Kurt, kaféen som ligg ved teateret i Molde. Og så blei det også ein siste konsert borte i Alexandraparken. For eit bra orkester med blant anna ein nydeleg coverversjon av "Try".

Legg igjen ein fin tanke