3. aug. 2016

Bringebærjakt

Sjølv om det var litt grått ute i går, tok me sjansen til å gå oss ein tur med kvar vår tomme yoghurtbøtte. Kvifor, spør du? Jo, me skulle leite etter bringebær. Før me kom så lang til å finne bringebæra, måtte eg berre knipse eit bilete av dette uthuset med graffiti. Slitt og tøft samtidig. Og så må me vel ut på bærjakt seinare i haust, for me såg også ein god del med bjørnebærkart.


Samanlikna med i fjor var bæra mindre, og dei var også færre. Trur det er fordi me var seint ute i år, at andre hadde plukka dei finaste bæra allereie. For om eg samanliknar med bæra i fjor, var bæra i år tidlegare modne. Men etter kvart fann me ein god del bær også i år, ja, til og med meir enn i fjor vil eg påstå. Skulle nesten berre mangle, for me var ute i vel to timar på bærjakt.


Ei stor bøtte full og ei lita. Mannen min fann nokre rips i tillegg, så då me rensa bæra, putta me rips i ei skål og bringebær i ei anna. Til slutt, då alt var rensa, såg me at det ikkje var så veldig mykje rips og difor blanda me alt saman. Resultatet: knallgodt, heimelaga syltetøy! På heimebakt brød :)

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Herleg! Og so flotte bilete, fekk lyst til å ta meg ein bærtur eg òg. Men no trur eg mor mi har plukka dei fleste bæra i nærleiken.

Silje sa...

Og dei var veldig gode, så syltetøyet blei perfekt om eg får seie det sjølv :) Mannen min blei litt skuffa då me byrja leitinga, for det såg ut som om alt var tatt. Men med litt tolmod fann me ganske mykje til slutt ^^

Ine sa...

Det er så fint å plukke bær! Nå er det masse blåbær i skogen hos oss, så vi skal ut i helga. Gleder meg!

Silje sa...

Bærplukking er ei lita kvardagsglede. Det er ikkje alltid så mykje som skal til ^^

tea sa...

Åh, bærtur er noe av det fineste! Jeg var og så etter molte da jeg var på ferie, men det var lite kart og bærene var langt fra modne, så ble lite plukking gitt. Men jeg og samboeren har snakket om å ta oss en bærplukketur snart, så håper vi får til det!

Silje sa...

Ja, håper de får til ein liten bærtur! :D Tommel opp for bærplukketur ;) Og alt som er heimelaga, smaker jo ekstra godt ^^

Legg igjen ein fin tanke