14. aug. 2016

Fine utsiktspunkt og kjekke ting i postkassa

Både på fredag og i går bøtta regnet ned, ordentlege innedagar med andre ord. Heldigvis var vêret mykje betre i dag. Ikkje sol, men opphald, slik at me i alle fall kom oss ut utan å bli søkkvåte eller ha på oss fullt regntøy. Endå ei veke som har gått så altfor fort, men det har jaggu meg to år også; i dag er det nemleg to år sidan me kjøpte leilegheita! Må nesten gni meg i auga, for eg skjønner ikkje kor desse to åra har blitt av! Blei visst mykje bra og mange fine punkt i denne vekas sundagsliste:

✦ to år som huseigarar i dag
✦ utsikta over Stavanger by frå Vålandstårnet
✦ lese ut Harry Potter & The Cursed Child (om ikkje anna så synest eg slutten var bra)
✦ ete middag heime på Sola saman med familien og to andre fine personar
✦ kort og te i posten frå finaste Ida
✦ sjå vidare på serien Outlander
✦ bruke gjesterommet og lesekroken omtrent kvar kveld
✦ ha besøk av ei av mine beste veninner
✦ så enkelt og så vakkert inne hos Luisa
✦ utsikta over vår bydel frå ei av løypene i Sørmarka
✦ at to finingar som me kjenner har trulova seg
✦ ein fin og viktig video
✦ fotobok i postkassa, den fotoboka eg lagte til mannen min i papirbryllaupsgåve
✦ og så klart det kule klistremerket til mobilen frå society6.com
✦ finne på noko til månadens Monthly Makers-tema (som er perler)
✦ transportmiddel for søte kattungar
✦ kul og fargerik skaterampe på ein elles grå og regntung dag
✦ at eg ein av dagane kunne sitje ute på balkongen og lese utan å fryse
✦ kose oss med Disney-filmen The Rescuers (eller Bernard og Bianca som den heiter på norsk)

2 kommentarer:

tea, books and gilmore girls sa...

Gratulerer med to år som huseiere! Det er stas! Mye fint på søndagslista di denne gangen ^^ Håper uka som kommer blir like fin!

Silje sa...

Tusen takk, kjære Ida! ^^ Liker å skrive desse sundagslistene, for å kunne oppsummere fine og kjekke punkt og lenkjer i eit og same innlegg gir meg mykje glede! Ønskjer deg også ei bra og superfin veke ^^