28. aug. 2016

Leseglede og mykje anna bra siste veka i august

Mannen var jo på seminar i Bergen måndag-fredag, så denne veka har eg mått klare meg sjølv her heime. Det har eigentleg gått ganske greitt, men det var veldig, veldig fint å få han tilbake på fredag :) Eg har vore innom jobb, lese mykje i bøker, sett eit par filmar, hatt besøk og høyrt på musikk. No i helga har me gått to turar, ein lang og ein kortare, og elles berre slappa av. Veldig bra helg med andre ord! Håper du som les dette har hatt ei like bra helg og at du finn glede i mi lille sundagsliste:

✦ le av boka Høytleseren på 06.27-toget på bussen på veg til jobb
✦ og lese ut den same boka med ein kopp juksecappuccino
✦ lytte til den nye songen av Laurence Fox
✦ sjå Love, Rosie ein kveld aleine heime
✦ kjenner meg igjen i denne skildringa om det å kle seg i fargar, å vere seg sjølv, inne hos Sara
✦ besøk av ei god veninne med mykje prat og den besteste RENT
✦ veldig fascinerande og kjekt å sjå på NRK-serien Draumehuset 
✦ gå tur rundt Hålandsvatnet
✦ høyre denne Melodi Grand Prix-låta som ringjetone på ein gammal mobil på biblioteket
✦ ordentleg leseglede
✦ "Ny sjangse, nye studier" inne hos røverdatter
✦ vere på konsert med Stavanger symfoniorkester saman med mannen min
✦ og at me etter konserten traff på nokre kjentfolk og var med dei ut ein liten tur
denne forvandlinga av ein kjole må berre sjåast
✦ sykle forbi bilkøen på Madlaveien
✦ at slottet i The Secret Garden (1987-versjonen) er det same som i Downton Abbey
✦ "Absolutt bra nok til å vere deg" – kategorien me hamna i etter å ha klart elleve og eit halvt poeng (av tjue spørsmål) i Dag og Tid-quizen
✦ må jo få til å dra til Kongevegen over Filefjell ein gong
✦ rask, men herleg sundagstur i Vålandsskogen
✦ alltid kjekt å lese at det kjem nye filmatiseringar av Agatha Christie-historier

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Hurra for ny Lawrence Fox-låt! Er lenge sidan eg har høyrt om noko nytt frå den kanten, men eg veit ikkje om det berre er eg som ikkje har følgt skikkeleg med, eller om han faktisk har vore stille av seg.

Og den kjoleforvandlinga var jo heilt fantastisk, til slutt såg det jo ut som noko ei magisk vinterdronning kunne gå med.

Silje sa...

Fox gav jo ut albumet "Holding Pattern" i februar i år, og så har det komme nokre songar etter det også :) Berre diggar stemmen hans! Er så einig i at det er noko magisk over det heile med den kjolen ^^ Håper du får ei bra veke, Ragnhild! :D

Legg igjen ein fin tanke