15. aug. 2016

Sundagstur i grøne Sørmarka

Grønt. Å gå ute i skog og mark på denne tida av året kan fint bli skildra med det eine ordet. Grønt. Haustfargane har ikkje heilt slått til enno, men det er greitt. Vil gjerne at det skal vere sommar litt til :) Etter to dagar med mykje regn, fekk me i går endeleg komme oss ut på tur. Så godt, både for kropp og sjel. Turen gjekk til Sørmarka der me traska rundt på ein del av dei gruslagte løypene.


Ikkje alt viste seg å vere grønt. Lyngen var vakker og lilla, ei einsleg rose i dust oransje og ein busk med nokre blomar i blått og kvitt. Fargar i naturen altså. Alltid eit syn som eg finn glede i.


På nokre av toppane i Sørmarka får me veldig god utsikt over den bydelen me bur i. Måtte stå og sjå litt før eg følgde etter min betre halvdel. I løpet av den lille turen vår, fann me framleis ein god del med bringebær, til og med nokre på eit strå. Skulle berre hatt med ei bøtte eller noko å plukke i.


Ikkje akkurat street art, men graffitien var no i alle fall fargerik midt i alt det grøne. For grønt var det også i tretoppane. Nok ein fin og bra sundagstur i nærmområdet, nesten rett utanfor døra.

Legg igjen ein fin tanke