13. aug. 2016

Endå fleire luftballongar

I november i fjor tinga eg heim dette klistremerket til Macen. Har vore så utruleg nøgd og absolutt ikkje angra. Blir så glad av å sjå på illustrasjonen, det er berre eit eller anna ved den! Etter at eg for nokre veker sidan arva mamma sin gamle iPhone, fann eg ut at eg ville matche mobilen med dataen. Inn på nettsida society6.com, fann fram til illustratøren (David Fleck) og plukka ut eit motiv. På dataen har eg "Voyages over Edinburgh", medan det klistremerket eg no tinga heim heiter "Voyages over New York." Kult og stilig, ikkje sant?! I alle fall så diggar eg dei begge to!

8 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

So fine! Likar Society6 sitt konsept med at illustratørar og kunstnarar får moglegheita til å selje motiva sine på ulike produkt.

Silje sa...

Einaste problemet med Society6 er at det er så altfor mykje fint å velje mellom ;) Men jepp, einig i at det konseptet er veldig bra ^^

neverendingcircles sa...

Det her var kult! Absolutt veldig fine og stilige.

Silje sa...

Jepp, dei er! Detaljerike og tøffe ^^ Society6 har så mykje bra :D

tea sa...

Veldig fine! Luftballonger er jo så fine motiver ^^ Fine duse farger også!

Silje sa...

Motiva til Fleck er alle veldig fine, og i dei aller fleste er det blyantstrekane som er det mest sentrale. Eg diggar jo fargar, men veldig fint med noko dust innimellom ^^

Luisa Fernanda del Mar sa...

Skikkelig fine, Silje! Elsker society6 :)

Silje sa...

Som nemnt i ein kommentar over, så finst det nesten altfor mykje fint inne på den nettsida ;) Men ja, eg liker desse litt ekstra ^^

Legg igjen ein fin tanke