28. feb. 2024

Middagsbuffé med historisk sus




Middag på stranda. Eller, ikkje heilt, men nesten, for på sundag åt me sundagsbuffé på Sola Strand Hotel. Han der fine hadde fått eit heimelaga gåvekort av meg for fleire bursdagar sidan, eit gåvekort me hadde gløymt sidan det sånn sett ikkje var ein frist på det. Endeleg kom me oss av garde, og maten kunne me ikkje klage på; det var noko for ein kvar smak, både salt og søtt, kaldt og varmt!


Alltid litt ekstra stas å vere på ein stad med historisk sus. Flotte bøker og gamle stolar, ein like gammal og flott sylinderomn. Å berre gå rundt og utforske den klassiske stemninga. Noko av det kulaste var gamle middagsbillettar frå 1958 som eg fekk auge på i eit glasmonter.

 



Før me drog heim, gjekk me dei få skritta til stranda, opp på ei sanddyne og berre såg utover horisonten. Fekk med meg mannen min på sjølvknips, både inne på hotellet og ute på stranda, det er ikkje alltid det skjer ;) Sola gjekk ned i havet og me kom oss til slutt tilbake til heimen vår.

Legg igjen ein fin tanke