11. feb. 2024

Snødagar i ei full jobbveke

Berre ein dag utan snø, skulle helst ha hatt mange fleire. Det var så kjekt kunne sykle til jobb og sjå gåsungar på eit tre førre veke, noko eg kunne sjå langt etter desse dagane. Med all den snøen som kom på tysdag (og endå meir i går!), har eg tatt bussen til jobb og frå jobb. Tysdag og onsdag gjekk tida til å spegelvende butikken, og det blei til slutt veldig fint med bøker på den rette veggen og spill og kontorartiklar på veggen som går på skrå inn i butikken. Prising av Mammutvarer og hjelpe kundar å finne den riktige boka har eg også gjort mykje av på jobb. Om kveldane har eg prioritert lesing, men eg har også strikka og sett litt på TV. Tur med ei god veninne og orkesterøving (konsert om berre ei veke!), og utpå ettermiddagen i dag var me heime på Sola. Middag, morsdag og fastelavn, ein koseleg kveld med familien. Og Balto som me passar frå i kveld til i morgon. Om litt er det på tide å finne senga, veka er snart omme, skal berre leggje ut nokre punkt fyrst:
 
Valérie Perrin har gjort det igjen: Glemt på en søndag er ei sår, nydeleg og vakker bok!
Balto måtte også ha pause etter morsdags- og fastelavnsfeiring
stilig å lage dekorblomar av kongler
setje av tid til lesing kvar kveld etter jobb 
prate med ein kunde om ei god bok eg nyleg las som vedkommande også ville ha tak i
søtaste hunden med hengeøyre som er ven med ein like søt kattunge
sjå filmen Maestro i lag med venar (Bradley Cooper er veldig god i rolla som Leonard Bernstein)
laurdagskveld med to nye kortfilmar av Wes Anderson, taco og ordversjonen av "Bezzerwizzer" 
og sundagslista blir ikkje komplett utan ein liten video av Bami og Dami ;)
pastellhimmel oppe på Ullandhaug fleire av morgonane
koseleg å ta lunsjen på Madla bibliotek der ei av mine tidlegare kollegaar skulle gå av med pensjon
og snøen som plusteleg dekka trea då me kom heim frå orkesterøvinga tysdagskveld
eg er ikkje ein dataspelperson, men dette Mummi-spelet kjem snart og det ser utruleg kjekt ut
If Only You av Chloe Liese, bok nr. seks i ein av dei herlegaste bokseriane
starte veka med ein akkurat passe gåtur i lag med ei god veninne, mykje prat og me såg kaninar
sundagsmiddag heime på Sola (og så blei det litt fastelavnsbollar og ei lita morsdagsgåve)
strikkeprosjekt med eit av mine favorittgarn (er glad i både garnet, fargen og sjatteringane)
senterleiinga som stakk innom før helga og gav oss litt "MadlaLove"
alltid morosamt med Tennant, Sheen og Good Omens-relaterte videosnuttar, her ein spørjerunde
kult at Bakemesterskapet er i gong på NRK
Kazuo Ishiguro si novellesamling Nokturner om musikk og artistar var ei finfin leseoppleving

Legg igjen ein fin tanke