26. feb. 2024

Morgon og kveld i februar




Fri i dag, og med ei sol som stod høgt på himmelen, fekk eg gått meg ein liten tur i nærområdet. Men aller mest har eg lese. Ein av dagane førre veke, då eg stod og venta på bussen klokka halv ni om morgonen, var det godt å berre stå ved busshaldeplassen og kjenne sola varme. Skuggespel på naboblokka, eit varmt og gyllent lys, og på veg opp Ullandhaugbakken, titta eg ut av bussvindauget og såg høyballane liggje på eit jorde medan sola strålte og laga ein finfin morgonstund.




Og solnedgangane fleire av dagane. Den dagen då himmelen var knallrosa, blei eg fascinert over lysspelet som laga så tydelege skilje. Sukk, at februar også kan vere slik, ikkje berre snø og sludd.

Legg igjen ein fin tanke