22. feb. 2024

Trombonekonsert og ein heil symfoni


Utruleg kjekt å spele konsert med orkesteret sundagskveld. På programmet stod det Nino Rotas trombonekonsert og Tsjajkovskijs sjette symfoni ("Pathétique"). Som solist hadde me med oss Sølve Grødem, og det var ein fryd å høyre på (sjølv hadde me messingblåsarar pause på dette stykket). Rota er aller mest kjent for å ha skrive musikken til Gudfaren-filmane, artig å høyre annan type musikk komponert av same fyren. Når det gjeld symfonien til Tsjajkovskij, var det med eitt meir å gjere, og eg skal innrømme at eg var litt nervøs før konserten. Heldigvis gjekk det aller meste bra, og me fekk skryt for koralane våre frå dirigenten. Mellom øvinga og konserten, var me fleire som gjekk ned i Langgata i Sandnes for å ete på restaurant. Det var nemleg Madugå førre veke, og på mange av restaurantane i byen kan ein ete ein god middag for 100 eller 150 kroner. Maten var veldig god (me åt på Zouq), og så var det hyggeleg å gjere noko anna med orkestergjengen enn å "berre" spele musikk saman ;) Godt besøk på sjølve konserten, og det var stas å spele for nesten full kyrkje.

Legg igjen ein fin tanke