4. feb. 2024

To dagar på jobb, kjekke bøker og filmopplevingar








Oppstykka og delt veke. Fri dei tre fyrste dagane, min fyrste jobbdag på torsdag, fredagsfri og sidan jobb igjen i går. Kjekt å hjelpe kunder med å finne ei god bok til seg sjølv eller som ei gåve, og elles har eg for det meste prisa varer som skal ut på Mammutsalet i slutten av månaden. Tysdagskveld var det som vanleg orkesterøving, og det er vel heller inga bombe at eg også denne veka har lese ein god del. Ny månad = ny Christie-bok og ei ny sakprosabok, og foreløpig storkoser eg meg med å lese eit par kapittel i kvar bok kvar dag. Noko som ikkje er så gøy, er å setje meg ned for å gjere rekneskapet for orkesteret sidan eg sit som kasserar i styret. Puh, det der er ikkje mi sterke side, men eg (les: i lag med min betre halvdel) prøver i alle fall så godt eg kan. Seinare i kveld skal me på besøk til eit venepar, og det veg opp for rekneskapsgreiene ;) Så tjo og hei, kjekke saker på ei snei:

feire at mannen min har levert phd-oppgava med middag frå Zouq her heime – stolt av deg!
lese ut den siste boka i serien om bokvandrarane, Den siste bokvandreren av Anna James
hallo, eit fyrste lite glimt av vår!
Davids heilt fascinerande kunst
sporven som gjekk i eitt med veggen inne på Sølvberget
og helse på ein fin raudstrupe på ein spasertur 
setje av tid til lesing før jobb (morgonstund med bok og kaffe, eg blir ikkje lei)
hi, hi, høyr kor søte desse dovendyra er
sjå på den britiske krimserien Rosemary & Thyme
bra orkesterøving, berre to veker til konsert
høyre på podcasten The Comfort Book Club, mellom anna Little Women-episoden
levere bøker på Madla bibliotek, kjekt å sjå det nyoppussa og prate med ein tidlegare kollega
Bjarte Tjøstheim som kong Herodes i Jesus Christ Superstar, eg gleder meg til musikalen i haust!
veit ikkje heilt om eg hang med på alt då eg las Svar på brev frå Helga, men pyttsann, litt artig lell
mine to fyrste dagar på jobb var ganske okei
sjå Poor Things på kino, for ei annleis filmoppleving!
Malakai sin versjon av "Benedictus" er utruleg vakker
lese minnelappar høgt for kvarandre
bake ei kake til kveldens besøk 
laurdagspizza og kortfilmen The Wonderful Story of Henry Sugar av kulaste Wes Anderson
søt, lita teikneseriestripe med ein trist katt som får ein trøystande telefon
kul lysinstallasjon sett midt på torget sånn på tampen av Stavanger lysfestival
synest det var knallgøy å lese In the Weeds, bok nummer to i ein herleg serie av B. K. Borison

Legg igjen ein fin tanke