7. feb. 2024

Kladdkake




Lurer på om eg har funne ei ny favorittkakeoppskrift: nemleg sitronkladdkaka frå Det søte liv. På sundag var me invitert til eit venepar, og eg hadde lyst til å lage noko godt å ha med til kaffien. Det som er så kjekt med denne oppskrifta, er at ein lett kan bytte ut sitronsafta med til dømes appelsinsaft, noko eg prøvde denne gongen. Sjokolade er vel den vanlegaste smaken når ein tenkjer på kladdkake, men jaggu meg er den knallgod også med sitron- eller appelsinsmak. Enkel å lage, og den seige konsistensen er det som gjer heile kaka (derav namnet kladdkake)! Te, kaffi og popkorn blei det også, med andre ord noko for ein kvar smak, og me hadde ein hyggeleg sundagskveld.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Oma sa...

Nice! We use the same porcelain since nearly forty years! A n d we eat Sizilian "sitronkladdkaka" at the time!! Greetings to A`s special birthday from Bavaria!

Silje sa...

I baked the cake at home and then we ate it at our friends' place, so the porcelain is theirs. But it is very beautiful (and we have a similar set here that I inherited from my grandmother)! We have also congratulated A on her special day! :D Best regards, S and Å! :)

Legg igjen ein fin tanke