20. feb. 2024

16 dagar på Lillehammer




Tretti år sidan verdas auge var retta mot Lillehammer. Det er tretti år sidan "...the best Olympic winter games ever!". 12.-27. februar 1994 var det vinter-OL på Lillehammer. Sjølv hugsar eg fint lite av det, men så klart er det likevel mykje ein har fått med seg om kva som skjedde under Lillehammer-OL nettopp fordi det er eit kollektivt minne blant mange nordmenn. Det var Johann Olav Koss sine tre gull på skøyter, spenninga under stafetten på 10 km langrenn for menn, det var Dæhlie og Alsgaard, pinsfeber, dramaet mellom Harding og Kerrigan, Vladimir Smirnov som alle heia på under 50 km klassisk og det rørande augneblikket då Dan Jansen endeleg tok gull. I boka 16 dager på Lillehammer av Magnus Helgerud får me dag for dag ta del i alle dei små og store augneblikka som skjedde under OL-dagane, alle dei små og store historiene. Tenk, det er berre tretti år sidan ei kvinne – Stine Lise Hattestad – tok Noreg sitt fyrste individuelle OL-gull på ski. Rart med tanke på at det no er ei kvinne – Marit Bjørgen – som er den mestvinnande vinterolympiaren nokosinne. OL-floka, Sissel Kyrkjebø som song den olympiske hymna, Stein Gruben som hoppa med den olympiske ilden (Ole Gunnar Fidjestøl, som eigentleg skulle ha hoppa med ilden, fall stygt under generalprøva) og dei mystiske vetta og trolla. Ei opningsseremoni som blei abrunda med ei stor fredsdue. På NRK Nett-TV kan ein sjå og (gjen)oppleve mange av høgdepunkta frå OL på Lillehammer, og på YouTube kan ein faktisk sjå heile OL-filmen. Heime på Sola har mamma nokre av dei offisielle OL-glasa medan pappa har nokre minnemyntar, og dei passa perfekt då eg skulle ta bilete av boka. Helgerud har skrive ei bok med ekte nostalgi, og for min del nostalgi for noko eg eigentleg ikkje hugsar, berre har høyrt om. Fyrst las eg boka, og mykje av det eg las, berre måtte eg lese høgt for mannen min. Tihi, ler litt, for det enda opp med at då eg var ferdig med boka, ville han også lese den. Å, alltid gøy når me les den same boka, leseglede på høgt nivå for oss begge to!

Legg igjen ein fin tanke