16. feb. 2024

Sollys eit par minutt før jobb




Bileta lyg litt, for slik ser det ikkje ut her i byen lenger. Snøen er så godt som borte etter regnet som kom i går og i dag, men det passar meg fint. Eg vil nemleg ha vår! Samstundes lyg dei ikkje viss ein berre går eit par dagar tilbake i tid. Trafikken stod og det var fullt kaos heile måndag på grunn av all snøen som kom dalande. Kom meg greitt på jobb på tysdag (sikra meg ved å ta ein tidlegare buss enn det eg eigentleg hadde tenkt), og då eg skulle ha seinvakta på onsdag, skein sola som aldri før. Gjorde godt å stå ute eit par minutt og berre nyte sollyset før eg kom meg på bussen og var inne på jobb resten av dagen. Håper det ikkje kjem meir snø før vinteren er over (ikkje ofte me får såpass mykje snø her i siddisland), for no er eg klar til å ta sykkelen fatt til jobb. Tjo og hei, det blir orkesterspeling på oss både laurdag og sundag, ønskjer deg ei superduper februarhelg.

Legg igjen ein fin tanke