Glatte vegar og fullstendig kollektivtrafikkaos, både i helga og no i dag. Heilt greitt at verken han fine eller eg skulle på jobb i dag. Det er sjeldan me har ein slik vinter som det me har hatt denne gongen, og den der snøen er liksom i vegen når ein lengtar etter vår. Når det er sagt, fekk eg oppleve eit par flotte morgonar i førre veke medan eg sat i busskø. Lysande skyer ein dag og pastellhimmel ein annan dag. Så får me sjå kor lenge alt det kalde, kvite blir liggande. Eg ser fram til neste årstid.
Legg igjen ein fin tanke