9. feb. 2024

Eit anna favorittgarn




Elsk på dette garnet frå Pickles! Det er eit tweedgarn i merino og garnet har eit heilt nydeleg fargespel. Veldig glad for at eg kjøpte nokre nøste på tilbod for eit par år sidan, for no har dei det ikkje lenger til sals i nettbutikken. Eg har så vidt byrja på eit nytt strikkeprosjekt, og til slutt skal det bli ein Twiggygenser. Og så må eg le litt av meg sjølv, for den raudlilla fargen er nokså lik fargen på Markagarnet frå Oslo Mikrospinneri som eg  også har strikka med no nyleg – det er visst tydeleg at dette er ein farge som fell i smak! Så får me sjå korleis sluttresultatet blir; eg har for lite garn til å strikke genseren i berre ein farge og er spent på kva fargekombinasjon eg til slutt ender opp med ;)

Legg igjen ein fin tanke