25. feb. 2024

Tønes på scena ein dag, i avisa ein annan dag




Ohoi, denne veka har verkeleg gått i eitt! Mammut-salet starta på måndag, og det har me merka med alle dei kundane som har vore innom for å kjøpe bøker, både til seg sjølv og til andre. Tihi, eg har funne noko sjølv også, det må eg innrømme. I tillegg var det ein kjekk konsert på torsdag i lag med eit venepar og sundagsbuffe på Sola Strand Hotel i dag. Vel å merke har helga elles vore roleg, men det trong eg etter dei travle dagane. Då eg kom heim i halv seks-tida på fredag, kjente eg tårene komme. For tida har me ein brummande lyd i blokka som kjem me ujamne mellomrom. Trur det er ein vaskemaskin eller liknande som står og vibrerar slik at det kjennest som ein ekkel brumming. Og det er heilt utruleg slitsamt, særskilt når ein er gåen etter ei lang veke. Me er på saka om kor lyden kjem frå, så eg håper det gir seg etter kvart. Både han og eg har verkeleg kost oss med lesinga i helga, og det har vore ordentleg avslappande. Ein liten tur innom IKEA i går (kvitlaukspressa vår rauk og me måtte så klart ha ny), meir lesing, roleg musikk og kjent litt på både sol og regn i dag, sundagen er nesten over. Skal prøve å runde av her no og heller finne fram boka. Og... der var eg ferdig:
 
som eg koste meg med å lese Den fantastiske familien Vanderbeeker av Karina Yan Glaser
Sola kulturhus by night; innmari kjekk konsert med Tønes på scena
og både før og etter konserten fekk me prata med veneparet som var med oss, ein hyggeleg kveld
kakao og bok ein av kveldane etter jobb
raudrutete bruktkjole på jobb 
apropos Vanderbeeker-boka: kjekt å høyre på denne podcasten om boka
for ein strålande morgonsol på veg opp Ullandhaugbakken på veg til jobb
Heartstopper på Netflix: eg såg den siste episoden av sesong to i går, og den serien er berre så fin!
ete sundagsmiddagen på Sola Strand Hotel, så mykje god mat å velje mellom
sjølvknips på ei sanddyne etter middagen på strandhotellet 
så vidt byjre å lage fotobok frå turen vår til Finland i fjor sommar
tihi, to supersøte videoar med ein liten golden retriever i hovudrolla
likte godt The Troubles som bakteppe i boka Ovetredelser av Louise Kennedy
morgonsola på ei av naboblokkene
før torsdagens konsert: lesestund i ein gul og kul stol inne på Sola bibliotek (ungdomsminne)
vindaugskunst i flotte fargar på Vågen vgs.
vil berre nok ein gong anbefale OL-boka 16 dager på Lillehammer av Magnus Helgerud 
høyre på Enya medan me las i kvar vår bok, "Caribbean Blue" er ein av dei aller finaste songane
mange gode bøker å velje mellom på Mammut-salet, mellom anna Å vanne blomster om kvelden
sundagsmorgon med kaffi, eit par sjokoladeruter og Tønes sine underfundige tekster i Dag og Tid 
mykje lesetid både i går og i dag, akkurat det eg trong for å senke skuldrene

Legg igjen ein fin tanke