5. feb. 2024

Prat i frisk luft




Starta veka med ein akkurat passe kvardagstur i lag med ei god veninne. Turen treng ikkje alltid å vere så lang for å vere bra, og det var kjempehyggeleg å prate om alt og ingenting samstundes som me fekk frisk luft i trynet. Gjekk opp Fantastien, og vel oppe på haugen, såg me tre søte kaninar. Tihi, dei gjekk no nesten i eitt med graset som framleis ikkje er sommargrønt (det skulle berre mangle, me skriv jo berre februar). Sidan traska me ned Sørmarkbakken, også kalla Grisabakken, forbi Sørmarka Arena og ned til blokka. Stod der og prata litt før ho kom seg heimover. Klagar ikkje på ein slik start på veka. Eg har elles lese mykje, og i morgon er det ein heilt vanleg jobbdag.

Legg igjen ein fin tanke