1. mars 2024

Dette synet 🌱🌸




Kjenner du lukta ute? Den der lukta av frisk jord, av at ting byrjar å vakne og dagane blir lengre. Årets fyrste marsdag er nesten over, og våren er offisielt i gong. Allereie på måndag, då eg hadde fri og gjekk meg ein liten tur, fekk eg auge på det aller vakraste vårteiknet: snøklokker!




Kvart år lengtar eg etter dei små, kvite blomane. Og kvart år blir eg like glad når eg ser dei, for då veit eg at våren er på veg, at det snart kjem varmare og lysare dagar. Vel, ein del regn (og bittelitt sludd) har me likevel hatt her denne veka, men ikkje meir enn at eg toler det. Ikkje berre såg eg snøklokker, også fjorårets lauv på bakken fulle av rim fekk eg auge på. Ein formiddag med hint av både vinter og vår, den eine årstida er me ferdige med, den andre er så vidt i gong.

Legg igjen ein fin tanke