Veke sju av tjuetjuefire har verkeleg vore godt og blanda. Snø og trafikkaos i byrjinga av veka, sol og ordentleg vårstemning i går, og regn og meir gråvêr i dag. Eg har truffe fine folk både før jobb og i lunsjpausen, ordna bøker til Mammutsalet og me har spelt konsert i lag med orkesteret. Rett og slett ei veke som har godt fort sidan det stort sett har vore ting å gjere heile vegen. Men eg har klart å setje av litt tid til lesing kvar dag, altså, for lesing for meg er som balsam for sjela. Hi, hi, akkurat det har eg sikkert skrive her på bloggen ørten gongar opp gjennom åra, men det er framleis sant. Trur ikkje eg har så mykje meir å nemne, så her kjem resten av veka oppsummert i dei vanlege punkta:
✦ innmari gøy å vere med på #readchristie også i år, og i februar las eg Den hemmelige fiende
✦ ordentleg kvardagsglede: å komme heim etter seinvakt til raude roser på Valentinsdagen
✦ prate med ein kollega om Ringenes herre og irsk musikk
✦ småhumrar av "One Zoom to Rule Them All" – for eit herleg Ringenes herre-gjensyn!
✦ sollyset ved naboblokka medan eg venta på bussen midt i veka
✦ og ikkje lenge etterpå: sollyset over ei snøkvit eng, sett gjennom bussvindauget
✦ pastellhimmel ein av ettermiddagane då eg var på veg heim
✦ lesing på kafé blir eg aldri lei av ;)
✦ så vidt byrje å sjå den aller siste sesongen av Endeavour (eller Unge inspektør Morse) ✦ laurdagsøving med orkesteret, og sidan ein kjekk konsert no i kveld
✦ mamma som kom innom ein kveld for å hjelpe litt med orkesterets reikneskap
✦ gøy å pakke ut bøker på jobb og opddage at fleire favorittbøker skulle ut på hylla
✦ litt treig bok, men Catching the Light hadde nydelege skildringar av Newfoundland og Nova Scotia
✦ gøy å leggje fram bøker og gjere alt klart til Mammut-salet som startar på måndag
✦ knallgod laurdagspizza og kjekk film etter orkesterøvinga i går
✦ Haugesund folkebibliotek ser ut som ein ordentleg biblioteksdraum
✦ kafédate med ei veninne av meg før jobb på onsdag, rett og slett superkoseleg
✦ og jaggu meg blei det kafébesøk med eit venepar i lunjspausen min på fredag ✦ boka One Evening in Paris er ein hyllest til kinoen og vakraste Cinema Paradiso blir ofte nemnt
Legg igjen ein fin tanke