8. jan. 2024

Vintermåleri




Nyleg stakk pappa innom med dette måleriet som farfar måla for snart førti år sidan – alltid stas å arve noko som andre i familien har laga. Eg sette det med ein gong opp på hylla over TV-en, og det passa ypperleg med nissane og lyslenkja me har der når det er desember og jul. Pakka ned juledekorasjonane i helga, men eg lot måleriet stå. For det er framleis vinter i to månadar til og det er jo eit ekte vintermåleri med snø på treet og vinterkvitt landskap. Nokre av fargane går dessutan i eitt med fargen på veggen (Scooter frå Jotun), og eg blir glad av å sjå på hylla når eg går forbi.

Legg igjen ein fin tanke