2. jan. 2024

Liten gåtur på årets siste dag




Skulle nesten til å skrive at dette er bilete frå årets fyrste tur, men det er jo ikkje sant: det er frå årets siste tur. Eller, fjorårets, så klart. Alltid litt rart å halde styr på dagane når ein skriv eit nytt å. Sjølv om nyttårsaftan for vår del var superroleg, kom me oss ut på ein liten gåtur. Destinasjonen var Litle Stokkavatnet og ein liten del av Stokkavatnet. Noko sur vindt innimellom, men me hadde kledd oss godt og slapp å fryse. På turen såg me både skarv og kjøtmeis – ikkje så lett å fange på kameraet med fastobjektivet, legg likevel ut eit par av bileta. Koseleg fuglehus på eit tre og ein like koseleg benk. Og tenk: berre nokre minutt før, hadde me faktisk sett eit ekorn høgt oppe i eit tre! Tihi, ein liten tulleselfie blei det også før me avslutta turen med å helse på to fine og snille miniatyrhestar.

Legg igjen ein fin tanke