10. jan. 2024

Slike vinterdagar


Krystallar overalt. Når sola skin og det er tørt og kaldt ute, ikkje snø i sikte, då må til og med eg ut på ein liten gåtur. For eg er ikkje verdas største fan av vinteren, men slike dagar som dette kan gå an. Alle dei brune blada som ligg på bakken, er fulle av små iskrystallar. Fascinerande å stoppe opp og beundre dei vakre mønstera. Mosvatnet ligg der så stille, så stille. Det er is på vatnet og sola skin mjukt over isen. Eg kan også skimte den låge vintersola gjennom dei nakne trea, og det er godt berre spasere i nærområdet medan sola varmar andletet. Då kan eg ikkje klage. Slike vinterdagar

Legg igjen ein fin tanke