3. jan. 2024

Klassikar i ei ny drakt




Trur dei aller fleste kjenner historia om Ebenezer Scrooge og om dei tre spøkelsa som han får besøk av på julekvelden, anten ved å ha lese den, sett den på teater eller sett ei av dei mange filmatiseringane (hugsar enno at eg syntest Muppet-versjonen med Michael Caine var nokså skummel). Sjølv om eg kjenner historia godt, koste eg meg med denne omsetjinga av Erlend Loe med dei stemningsfulle illustrasjonane frå Lisa Aisato. Eg fekk faktisk boka til jul for eit drygt år sidan, men hadde mange julebøker å lese og lot den difor liggje slik at eg kunne lese den no og verkeleg nyte både den kjente historia og dei nye illustrasjonane. Aisato har på ypperleg vis klart å fange både det uhyggelege med forteljinga og det mjuke, håpefulle. Ein ekte klassikar i ny drakt.

Legg igjen ein fin tanke