4. jan. 2024

2023 i tolv bilete


Tittelen seier det meste. For her kjem tolv bilete frå fjoråret, eit for kvar månad. Eg skreiv i fjor at 2022 var ein berg-og-dal-bane, og eg skal ærleg innrømme at det har tidvis 2023 også vore, fyrst og fremst på jobbfronten. Likevel har det vore himla mange kjekke ting også, der eit av dei absolutte høgdepunkta var togtur i Finland. Og oppleve Åland. Og tre musikalturar til Oslo. Oh, well. Her kjem 2023, og fyrst ut er januar: sundagsmiddag (eller nyårsmiddag) heime på Sola, vedlikehaldsveke med vasking av ein foss på Vitenfabrikken, såg Narnia på Rogalan teater med mamma, pantertante, ei kusine og hennar søskenbarn, strikking og lesing inne då det var gråvêr ute, las fyrste bok i #readchristie 2023, puslespel, lunsj med ei god veninne på jobb, nydelege soloppganga og -nedgangar, tur ved Frøylandsvatnet og foredrag med Edvard Hoem.



Februar: togtur fram og tilbake Egersund for å lage reklame for Go-Ahead, personalsamling på Vitengarden, høyre SSO spele Dvořáks niande symfoni, nytt puslespel, kinobesøk for å sjå The Banshees of Inisherin, stikke innom den nye kafédelen på Heddas gård, høyre på det nyaste albumet frå Markéta Irglová, tre skulekonsertar på ein dag i lag med orkesteret, musikalkonsert med Espen Grjotheim og Jannike Kruse, nytt strikkeprosjekt, sjå De åtte fjellene på kino, snøklokker, middag i lag med eit venepar, bokklubbmøte, fikse baderomsgolvet, oppleve nordlyset, gå Austbøturen og lese i kvar vår Terry Pratchett-bok.



Mars: vinterferie på Vitenfabrikken, kjempefin musikaltur til Oslo i lag med ei veninne (Så som i himmelen stod på programmet),  fleire snøklokker, morgonlyset og pastellgylne skyar, strikketid langs togskjenene, høyre SSO spele musikk komponert av Ravel, feire to bursdagar, spele "Imagine", høyre på musikalmusikk, kattemøte på veg til jobb og middag på Pasha før orkesterøving.



April: akkurat passe sundagstur opp til Åslandsnuten i herleg vêr, bursdag med bowling, ei ordentleg hyttepåske der mellom anna Zalo var med, sjå påskekrim og ikkje minst lese påskekrim, teste ut nytt brettspel ("Hint"), strikketid, krokusar i full blomstring, feire bursdagen til mamma heime på Sola, spele konsert med orkesteret i Fartein Valen-salen og balkonglesing etter jobb.



Mai: merkedagar med både nasjonaldagen, ein konfirmasjon og ei gravferd, spele "Takenoko" (aka pandaspelet), ete taco og berre ha det hyggeleg hos pantertante, foredrag på Wiig Gartneri med Dennis og Finn, togtur mellom Stavanger og Oslo heile to gongar, sjå ESC-finalen i Oslo hos ein onkel og kjærasten hans, magisk solnedgang på ein biltur langs Jæren, søte lam rett ved UiS, rosa blomar på trea, mykje lese- og strikketid på hytta og feire åtte år som mann og kone.



Juni: sundagstur ut til Nærbø og Vitengarden med både dyr og fin butikk, forkjøling i starten av månaden, travle dagar på Vitenfabrikken, solstrålar og lesetid på togperrongen om morgonane, sjå sesong 1 av Good Omens for ørtande gong, båttur med jobb, spele konsert med orkesteret, feire mannen min sin bursdag på Kronen Gaard, heimelaga scones på sundagstur, tur ute ved Tungenes, nytt strikkeprosjekt, sjå Wes Anderson-film på kino og avslutning med fine folk på Vitenfabrikken.



Juli: starte juli med laurdagstaco heime på Sola i lag med fleire andre fine fol, elles nokre rolege dagar før me drog på sommarferie, tog til Stockholm, båt til Helsinki, mykje å oppleve, fleire togturar i Finland, Mummi-museet i Tampere var eit av høgdepunkta, gøy å overnatte på båthotell i Turku, utforske finaste Åland, heim til Stavanger, og berre eit par dagar etterpå køyrde me til Sunnmøre for å besøke svigers, gå tur opp til Aksla, besøke besteste kaféen Stolt Mat, bade i Bybadet og lese mykje.

August: balkonglesing, sjå den nyaste Indiana Jones-filmen på kino, poste innlegg om togturen i Finland, komme i gong med strikkinga igjen, jobbsøking, byrje å sjå sesong to av Good Omens, teste badstue ved Hinnastranda, Oppenheimer på kino, bryllauspfeiring av eit venepar, ha Zalo på besøk, finne ei ny favorittbok, stemme ved kommunevalet, helse på kaninane ved Heddas gård, invitere eit venepar på afternoon tea, sitje ute på balkongen med ei god bok i fanget, bursdag hos ei god veninne, gå i Sørmarka, fyrste haustøving med orkesteret og høyre Alpesymfonien med SSO.



September: passe finaste krøllebølle, sundagstur rundt Mosvatnet med to gode veninner og sidan ta ein kaffi på kunstmuseet, balkonglesing med lanterne, spele "Ryktet går" med familien, strikke ei T-skjorte i ein ordentleg glad fargekombinasjon, tur og piknik i Rogaland Arboret, musikaltur til Oslo for å sjå Miss Saigon, kjekt å gå rundt på Grünerløkka, besøke svoger m/ familie, vassliljer i Vannassen, gå Bjørnøyturen og meir strikking.



Oktober: helse på og klappe ei av dei søte geitene ved Gausel fritidsgård, fortsetje å gå små turar i nærområdet, oppdage ny krimbokserie av Ann Cleeves, halde auga opne i jobbmarknaden, alle haustfargane som poppa opp rundt omkring, sjå andre sesong av Good Omens for andre gong, ein torsdagskveld med familien, tante og søskenbarn på Sola, togtur til Oslo (nemnde eg at eg er glad i å ta toget?!), sjå Moulin Rouge i Oslo i lag med ei god veninne, kafébesøk med ho og to andre då me var i hovudstaden, gå til byen i solskinet, tur innom kunstmuseet med ei veninne der det både blei kunst- og kafébesøk og Baltotur i Sørmarka.



November: finne fleire fine gåver på årets Solamesse, varm haustsol og gylne haustfargar, kvardagstur rundt Mosvatnet, besøke to gode venar på deira kule kontor, ta bilete av min nyaste strikkagenser, spele Czardasfyrstinnen i Sandnes kulturhus med orkesteret (det blei bra til slutt sjølv om eg i byrjinga ikkje var heilt storfan), gå endå fleire turar, heimekafé, sjå finaste Song of the Sea, strikketid med krøllebølle, stikke innom Ullandhaug gårdsbutikk, få tilbod om jobb som ekstrahjelp på Norli og avslutte månaden med ei forkjøling som sat lenge i.



Desember: isroser og adventsstake den fyrste vinterdagen, jobbe på Norli midt i byen (stas å slå av ein prat med Tore Renberg eit par av dagane), spele julekonsert med orkesteret, sjå Gutten og hegren på kino, hoppande glad både for Jesus Christ Superstar og ein siste sesong av Good Omens, feire femten år (!) som kjærastar, travle og kjekke jobbdagar, vere på julekonsert i Kuppelhallen med Adam Douglas, følgje med på Snøfall 2, julekakebakesundag på Jørpeland, lese ein heil haug med julebøker, pynte juletreet med broremann lille julaftan, juledagane i lag med familien, tid til å spele fleire brettspel, meir jobbing, liten nyttårstur ved Stokkavatnet og sidan avslutte året heilt roleg her heime med god middag, film og lesing – berre oss to.

Legg igjen ein fin tanke