31. jan. 2024

Turtankar





Dropane renn nedover vindauget, ute regnar det. Lengre nord i landet er det meldt ekstremvêr, så regn på ruta og ruskevêr er ikkje det eg skal klage på. Og berre i går var det mjukt kveldslys over naboblokka. Måtte ta ein liten videosnutt i same slengen då eg fyrst stod ute på balkongen. Det øvste biletet er frå fredagens kveldshimmel. Utsikta ser eg jo omtrent kvar dag, men ein himmel full av forskjellige fargar, eit lys som dansar før det blir ordentleg skumring, eg blir ikkje lei. I morgon er det fyrste offisielle dag i ny jobb. Eg er spent. Nokre av dagane må eg jobbe kveld, og eg veit ikkje om eg er hundre prosent klar for det. Men eg antar det går seg til. Kanskje kan eg gå til jobb dei dagane vêret er bra. Eg vil så gjerne utforske nye stiar, gå vegar eg ikkje har gått før, eller ikkje gått på lenge. Eg lengtar etter våren når dagane er lengre og me kan utforske nye plassar i lag i helgene. I alle fall dei helgene eg ikkje jobbar. Gå hand i hand, stoppe opp for å ta eit bilete, gå raskt for å kjenne pulsen stige, nyte det å vere ute i vårlufta. Og etter kvart alt det grøne om sommaren og sidan alle haustfargane. For det er ikkje berre kveldshimmelen som tel sjølv om det nett no kan sjå sånn ut.

Legg igjen ein fin tanke