18. jan. 2024

Mitt bokår 2023 📚

Bøker, alltid bøker. Lesestund om morgonen med dagens andre kaffikopp, lesestund på ein kort busstur eller ein lengre togtur. Lesestund på kafé, lesestund på ferie, lesestund på senga før me sovnar. Alltid lesing, og 2023 var eit bra bokår for min del. Ikkje enkelt å oppsummere, men dette er no eit forsøk på å skrive ned kva bøker som fekk meg til å smile eller gråte, kva bok som fekk meg til å tenkje, kva bok eg verkeleg koste meg med. I fjor las eg 160 bøker der 93 av dei var frå mi eiga bokhylle (les: eg inkluderer lesebrettet som eiga bokhylle), noko som vil seie omtrent 58 prosent; kan ikkje anna enn å seie meg veldig nøgd med det. Skal fortsetje med lese meir frå mi eiga bokhylle også dette året. I tillegg har eg eit eige lesemål for 2024, og det er å lese ei fagbok i månaden. Og for sjette året på rad, blir eg med på #readchristie-utfordringa. Ein av dei absolutte favorittane eg las i fjor, var nemleg Evig natt av Agatha Christie, gleder meg stort til å lese fleire av hennar bøker. Når me fyrst snakkar om krim: Ann Cleeves sine krimbøker las eg også ein del av, mellom anna dei to fyrste i Two Rivers-serien. Og så må eg ikkje gløyme bok nummer fire i Torsdagsmordklubben-serien av Richard Osman. I mine auge er den framleis ein ordentleg kosekrimserie!
 
Mitt lykkested av Emily Henry overraska meg. Eg har lese fleire av Henrys bøker – likt dei veldig godt – og dei fleste er litt meir beint fram feelgood-bøker. Hennar nyaste bok var meir sår og hjartevarm enn det eg hadde sett for meg, men på ein veldig positiv måte, og dette var ei av dei beste bøkene eg las i fjor, den stal hjartet mitt litt ekstra.
Funny Feelings av Tarah DeWitt hadde meir alvor og djupn i seg enn det eg trudde, litt som Mitt lykkested, og den var verkeleg ei bok slo an for min del. Dødens læregutt av Terry Pratchett fekk eg anbefalt av mannen min, og eg småhumra godt fleire gongar medan eg las den. Sjangermessig er det ikkje ei bok eg ville valt ut sjølv, difor var det litt ekstra kjekt at denne koste eg meg ordentleg med.

Når ein les bøker, er det jo på ein måte som å reise. Med
Kjærlig hilsen fra London av Sarah Jio fekk eg meg ei reise i bøkenes verd, heilt bokstaveleg talt, og boka er ei av favorittane. Med boka Armstrong av Torben Kuhlman tok eg ei reise til månen (og boak er i tillegg nydeleg illustrert). Around the World in 80 Trains av Monisha Rajesh var ei leseoppleving der eg fekk reise på kryss og tvers med tog, og den fjerde boka i Harry Potter-serien tok meg tilbake til trolldomsverda. Det gjorde også The Very Secret Society of Irregular Witches av Sangu Mandanna: ekte bokmagi med hekser og magi, herlege karakterar, ein liten dose kjærleik og om det å finne ein stad der ein endeleg kan kjenne seg heime. I Egne steder av Kristin Valla fekk eg eit glimt av den franske landsbygda.
 
Aller helst les eg enkeltståande bøker, men av og til dett eg over ein serie eller to som tar meg med storm. I fjor var det bøkene om Bergman-brødrene av Chloe Liese og Christmas at Castle Street-trilogien av Jessica Redland. Eg diggar at Liese skriv om kjærleik der fleire av hovudpersonane har eit handikap, har ein autismediagnose eller at ho skildrar skeiv kjærleik. den tredje boka frå Helen Hoang, The Heart Principle, i hennar serie, og både den og dei to andre bøkene er kjempekjekke. Las også den siste boka i Tremarnock-serien av Emma Burstall. Ser at eg ikkje las nokre Herriot-bøker i fjor sjølv om eg har dei hylla, så det får eg sjå til å gjere noko med i år ;)
 
Ikkje sjeldan ser du meg felle tårer når eg les, eller når eg ser ein film.
Harold Frys utrolige pilegrimsferd av Rachel Joyce er deifintivt ei slik bok. Do You Know Me? av Libby Scott og Rebecca Westcott (las jo den fyrste, Can You See Me? i 2022) er ei anna. Oskar og meg av Maria Parr fekk meg til å både smile, le, undre og felle nokre tårer, makan til bra barnebok skal du leite lenge etter. The Christmas Holiday av Sophie Claire og De tre av Valérie Perrin fortener også å bli med her.

Om ein tar eit blikk på kva sjanger eg les ein del av, må eg nok innrømme at mange av bøkene, er ekte feel-good. Men som eg har skrive tidlegare: eg les fyrst og fremst det har lyst til når eg sjølv ønskjer. Likevel er det nokre bøker, både skjønnlitterære og fagbøker, som belyser viktige tema. Uønska åtferd av Olaug Nilssen
der ho skriv utan filter om ein familie der eit av borna er psykisk utviklingshemma og korleis dette påverkar heile familien. Forlatte steder av Cal Flynn er fascinerande, skummel og håpefull medan Fri av Lea Ypi er ei memoarbok om ein oppvekst i Albania under og etter eit diktatur. Og så må eg ikkje gløyme Vestlandsvegar og Fleire Vestlandsvegar av Halvor Folgerø. Farlege og spektakulære vegar, dette var to kjempekjekke bøker.
 
Når ein les, oppdagar ein gjerne noko nytt. Ein kan sluke ei bok, forsvinne inn i nye univers, utforske frå stovekroken. Bøker der orda fyk av garde, og ein berre vil ha meir av det same.
Tress of the Emerald Sea av Brandon Sanderson las min betre halvdel og eg samstundes, og det var utruleg spennande å dykke ned i den same boka og berre bli der for ei stund. Elles var det kjekt å vere tilbake i den magiske bokhandelen med Trehusbiblioteket av Anna James. Framleis ganske fascinerande å tenkje på korleis det ville ha vore å prata med sine favorittkaraktarar! Hemmelighetene i stormskogen av L. D. Lapinski var den siste boka i serien om Fremmedsteds reisebyrå, eit univers som det har vore stas å bli kjent med. Og ikkje minst Tore Renbergs Lungeflyteprøven. Her er det dryge 550 sider med eit djupdykk ned i ei anna tid der Anna Voigt er personen det heile starta med, ho som var mistenkt for spedbarnsdrap. Renberg har skrive ei bok der saka Anna Voigt blir utforska på fleire måtar, ei god blanding av både fiksjon og sakprosa, her er det berre å setje seg ned og lese!
 
Joda, tårene kjem raskt når det er noko fint, trist eller rørande i boka som eg les, men det er fleire bøker som også får fram smilet, får meg til å humre.
The Princess Bride av William Goldman er ei slik bok, ei bok full av humor, "breaking the fourth wall", eventyr og romantikk. Lovelight Farms av B. K. Borison og The Secret Life of Albert Enwistle av Matt Cain  var begge bøker som gav meg ein god, varm klem (og begge vil eg absolutt seie er to favorittar frå fjorårets bokår, særskilt sistnemne som også fekk fram tårene, tihi). The Place Between av Kit Oliver fekk meg til å humre godt innimellom, og det gjorde også The Great Escape from Woodlands Nursing Home av Joanna Nell.

Og så har du nokon som skriv bøker som er heilt nydelege. Vakre og poetiske ord og skildringar.
The Little Prince av Antoine de Saint-Exupéry
er ein ekte klassikar som eg må nemne her. Mannen bak De åtte fjellene, Paolo Cognetti, kom i fjor ut med
Ulvens lykke. Nok ein gong har han skrive ei bok full av dei finaste naturskildringane. Siste sats av Robert Seethaler, Ellie and the Harpmaker av Hazel Prior og Mange mil før mørket faller av Jocelyne Saucier er tre andre bøker eg gjerne vil nemne. Alle desse forfattarane har eg lese bøker av tidlegare og likt veldig godt, og det er bøker eg alltid ser fram til å lese. 

Legg igjen ein fin tanke