7. jan. 2024

Bittelitt jul, men mest nyårsgreier




Korleis har den fyrste veka i 2024 vore for din del? Mi fyrste 2024-veke har vore bra. Heilt greitt å ha det litt roleg etter ein travel desember (sjølv om eg gjerne skulle ha visst noko meir på jobbfronten). Me åt god middag heime på Sola fyrste nyttårsdag, sidan har eg vore ein tur nede i sentrum, ein annan dag var eg innom Amfi Madla og det har blitt mykje lesing. På fredag var me i konserthuset for å få med oss SSO sin nyttårskonsert, eg har fått gått ute i det kalde, fine vêret, og elles har det vore ei ganske avslappa helg. I alle fall for min del, han der fine har skrive ganske så mykje på phd-oppgåva, og slik blir det nok resten av månaden. Men tid til god middag og ein kjekk film har det vore tid til. Tenkjer eg set over til sundagslista mi, den aller fyrste i 2024:
 
enno ei julekattebok med både kjærleik og mystikk, nemleg A Midwinter's Tail, frå Lili Hayward
smakte godt med viltgryte heime på Sola 1. januar 
og Balto var nyårspynta med sløyfe
kult å høyre songar frå fleire Disney-musikalar i programmet På kongelig varieté
siste rest av jul: eit lite bilete med juletrepynten som eg pleier å ha hengjande kalendertreet
å vakne opp til ein magisk fin soloppgang den fyrste dagen i det nye året
sjå den siste episoden i sesong to av The Bear
"Top 10 Songs That Are Iconic to 2000s Movies" – for her er musikk frå Once og Moulin Rouge
ha på meg ein glitrande kongeblå kjole då me var på SSO sin flotte nyttårskonsert
krystallar overalt ute sidan det har vore godt og vel ti kalde mange dagar på rad
juleboka The Christmas Holiday av Sophie Claire var ei av dei beste julebøkene eg las no nyleg
dei er så søte og rare, dei to kattane Bami og Dami
sollyset inn i stova vår måndagsformiddag
Erlend Loe og Lisa Aisatos utgåve av den klassiske Dickens-historia En julefortelling
kjenne at adventsstjerna i vindauget gir meg ei ro
fine smykke frå Embla Design 
småfuglane som hadde komme seg inn på Sølvberget
klippe håret
eit magisk bilete frå "Årets første dag" inne hos Et katteliv
stjernene ved Breiavatnet lager finfin vinterstemning 
litt strikking innimellom all lesinga
tihi, ein liten katt som trur den er ein hund nettopp fordi den veks opp med hundar
laurdagspizza og filmen Vivo med musikk av Lin-Manuel Miranda
for ein gyllen solnedgang på årets fyrste dag!

Legg igjen ein fin tanke