3. nov. 2023

Neonskilt på eit koseleg kontor




Starta november slik, for på onsdag var eg nemleg på eit lite jobbesøk. Han eine eg jobba i lag med då eg jobba i svømmehallen, starta for nokre år tilbake ein eigen bedrift, og no driv han og sambuaren Spiselighage på heiltid (i tillegg til å drive ein liten gardskafé i helgene). Og nei, dette er ikkje reklame, berre eit lite skryteinnlegg sidan eg er stolt over alt det dei har fått til! Kjekt å komme og sjå både lageret og kontorplassen som dei leig ute på Forus. Eg fekk ei lita omvisning, og medan dei gjorde unna dagens arbeid, sat eg i ein gul og kul stol og las. Etterpå drog me på kafé der det blei prat, latter, kaffi og noko attåt. Kvardagshygge nokre timar i lag med to fine personar.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Åh! Jeg er en stor fan. Han er jo en av mine kjøkkenhagehelter!! Helt utrolig hva han får til i kjøkkenhagen sin altså. Og gårdskaféen hans må jeg innom en dag, når jeg er i de traktene.

Silje sa...

Å, dette var artig å lese! :D Eg er kanskje ikkje den største hageentusiasten sjølv, men som dei har jobba på dei siste åra! Kjempekult å sjå at det som var ein hobby no er blitt ein jobb! :D

Legg igjen ein fin tanke