9. nov. 2023

Ekte heimekafé




Av og til treng ein å lage seg ein mjukare dag. Med ørten orkesterkveldar på rad, var det litt ekstra koseleg å lage heimelaga latte, ete eit Napoleonskakestykke frå Romsøes Conditori og lese i ei bra bok. Ikkje enkelt å ete Napoleonskake fint, eller kva?! ;) God var den i alle fall, og kjekt å bruke tallerkenane med Florry-mønsteret frå Stavangerflint. Ei slik stund eg kallar ekte heimekafé.

Legg igjen ein fin tanke