Orkesterspeling i går kveld, orkesterspeling seinare i kveld. Akkurat denne veka, slik eg skreiv i går, kjem det til å gå i orkester og musikken frå Czardasfyrstinnen, utan tvil. Eg satsar likevel på greitt vêr slik at eg kan komme meg ut å eit par spaserturar i nærområdet, framleis nyte fargane som er å finne på tre, buskar og på bakken. Litt frisk luft i andletet. Dagen i dag starta grått, men jaggu meg skin sola inn i heimen nett no. Eit lite "hei" frå meg til deg på denne novembermåndagen.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Er veldig glad i slike hverdagsinnlegg. Spesielt nå på høsten med alle disse vakre fargene over alt. Du bor virkelig i en fin by, Silje! Hverdagsklem fra meg ♥ Nå skal jeg tegne og høre på musikken fra Czardasfyrstinnen om jeg klarer å få tak i den.
Musikken ligg i alle fall på Spotify ;) Stavanger kan vise seg frå si beste side innimellom, slik som i dag når sola skin i inn i stova. Slike kvardagsinnlegg gir meg noko også, for då hugsar eg på at det faktisk er mykje fint å oppleve også om hausten :) Klem rett tilbake ♥
Legg igjen ein fin tanke