5. nov. 2023

Oppsummeringsliste, eller ei sundagsliste om du vil




To dagar med oktober, fem dagar med november. Sola skein fyrst og fremst måndag og tysdag, altså i oktober, men det er jo lov å håpe på nokre novemberdagar som ikkje er fullt så grå. Har i alle fall fått vore ute og gått eit par små turar og sykla ein tur ned til byen på torsdag. Kontor- og kafébesøk med to venar, fleire lesestunder, jobbmarkandsoppdatering, litt strikking på kveldane og orkesterspeling. For om berre eit par timar er det øving med orkesteret, og sidan blir det øving i morgon, tysdag og onsdag og sidan forestillingar torsdag-sundag. Hui og hei, kor det går:
 
fascinerande, skremmande, vakker og opplysande bok: Forlatte steder av Cal Flyn
den der varme haustsola som stakk fram gjennom dei gule haustblada
koseleg å sjå ein Great Canal Journeys-episode med Giles og Sheila
og i den episoden: bli fascinert over keramikkdesignaren Clarice Cliffs spesielle fargebruk
finne flotte julegåver på Solamessen som me var innom på fredag
Mosvatnet, ein okei spasertur med haustutsikt
Odd René Andersen og Adam Douglas som syng "Everyone Needs a Friend Sometimes" – mektig!
onsdagsformiddag på eit koseleg kontor med to fine folk, og sidan kafébesøk med dei same folka
alle dei farga blada som ligg på bakken no for tida
kåringa er fem år gammal, men stas at Inspector Morse er den beste britiske krimserien
gå tur i solskinet
ein skjønn liten pus som fyrst er skeptisk til hunden, men som etter kvart blir gode venar
bøkene til Vestly var ein stor del av barndommen min, og eg måtte jo lese den nye biografien
det nye galleriet og kontoret til Jonna, kjekt å sjå prosessen i denne videoen
når rustfargen på porten matchar haustlauvet
å, Vindmakeren av Maja Lunde og Lisa Aisato, koste meg med den og ein kopp kaffi 
Michael Sheen som framfører diktet "Do not go gently into that good night" av Dylan Thomas
seinare i dag byrjar oppkøyringa på Czardasfyrstinnen, og det blir åtte dagar på rad med speling 
blir glad av å sjå på Tove Jansson-illustrasjonen 
Catharina Vus versjon av "Trassvisa hennes Tora" på Beat for beat – så utruleg fint!
lesestund på kafé med ein cappuccino og noko smått attåt
og lesestund i dag tidleg etter frukosten, kvar vår bok ved sidan av kvarandre i sofaen

Legg igjen ein fin tanke