12. nov. 2023

"Czardasfyrstinnen" heile veka




Tre forestillingarer unnagjorde, berre ei igjen i kveld. I tillegg har det jo vore fleire øvingar, med andre ord har hovudfokuset denne veka vore orkester, orkester, orkester. Det kjekke er at det verkar som om publikum har kost seg med forestillinga og at all spelinga er verdt det. Og joda, eg har allereie delt fleire haustlege bilete, men sundagslistene er jo ei oppsummering over alt det fine eg har sett eller gjort i løpet av veka og hauststemninga er jo ein stor del av det. I alle fall slik hausten er akkurat no med alle fargane og sollyset. Gode bøker, små turar og litt smått og stort har også stått på planen i løpet av denne veka. Tidlegare i dag var me hos mamma og pappa der det blei ein ordentleg god sundagslunsj! Noko for ein kvar smak med heimelaga rundstykke og mykje anna godt, for grattis med farsdagen, besteste du, pappa! Sundagslista kjem no, før middag og forestilling:
 
✦ månadens Christie-bok var Evig natt, ei av mine absolutte favoritter! 
✦ og gøy at den offisielle Agatha Christie-kontoen på Instagram delte biletet mitt
✦ kaffibesøk av ei veninne midt i veka, triveleg besøk med prat og latter 
✦ likte godt å lese boka The Place Between (og makronar er alltid ein slager)
✦ "Kamerarull fra Paris" – superfin reiseinspo frå Ei blå stugu
✦ og eit ønske om kjærleik, også frå finaste Anna (Ei blå stugu)
✦ den fine svana som låg i det grøne graset på kulverten ved Vålandsskogen
✦ lange skuggar på ein av mine gåturar
✦ sikkert delt desse før: "This is the Moment" med Adam Douglas og denne med han og Bilal Saab
✦ eit lite bilete frå orkestergrava i Sandnes kulturhus
✦ bronsefargar på trea ved Mosvatnet
✦ bokjuletreet dei har på St Pancras togstasjon
✦ blir alltid like varm om hjartet av sola som skin inn i stova vår
✦ spennande å lese Skyggeånden av Thomas Taylor, bok nr. tre i Illevik-serien
✦ heimekafé med kake frå Romsøes Conditori
✦ mobbing og kroppsbilete, dette er viktige tema også for gutar og menn, også i Kompani Lauritzen
✦ gyllen solstråle mellom nokre tre
✦ Tony Robinson på togturar, dette er eit så herleg program
✦ herleg blanding av haustfargar også på bakken (sukk, haustlauvet, altså)
✦ hi, hi, denne Monthy Python-sketsjen der togruta går som hand i hanske med eit mord
✦ Olaug Nilssens nyaste bok, Uønska åtferd, er tøff, rå og bra lesing 
✦ grå og kvit nabolagskatt 
✦ farsdagslunsj heime på Sola – der var det verkeleg noko for ein kvar smak! :)

Legg igjen ein fin tanke