19. nov. 2023

Spaserturar og alltid bok+kaffi




Sjølv om forestillingsperioden var over for akkurat ei veke sidan, har eg hatt mange av songane frå Czardasfyrstinnen på hjernen også denne veka. Men det skjer ganske ofte etter ei slik forestilling eller ein orkesterkonsert. Småforkjøla med hoste har me begge to hatt i hus, meir plagsomt enn ordentleg sjuke. Kva anna? Fleire av dagane har sola skine og eg har komme meg ut på små, herlege spaserturar, anten i nærområdet eller til byen for å levere og låne bøker. Gode lesestunder, hengje med på jobbmarknaden, pønske ut eit par julegåver og i går var me innom Varatun gård der dei hadde julemarknad. Flott brukskunst, lokal mat og god stemning. I dag har me tatt det ganske med ro her heime med god kaffi, bok og roleg musikk. No blir det lesetid, kos deg med oppsummeringa:
 
✦ bok nr. to om Matthew Venn, The Heron's Cry, slukte eg like fort som den fyrste boka i serien 
✦ heimelaga laurdagspizza og ein artig film i går kveld
✦ Bami og Dami fortset å vere to heilt nusselege sjarmtroll, berre sjå her og her – eg smeltar heilt!
✦ knallgule blad, framleis litt haustfargar igjen ute
✦ Beth O'Learys nyaste bok, The Wake-up Call, var kanskje litt for lang, men eg likte den likevel
✦ TwoSetViolin som speler "I Dovregubbens hall" i songens rette element
✦ tihi, den grøne døra inn til ein del av Vålandstårnet, den er liksom så liten og søt
✦ som i fjor: den automatiserte miniatyrjuleverkstaden på Varatun gård er superstilig
✦ kjekke intervju med Nicholas Ralph, Samuel West og Callum Woodhouse om Den nye dyrlegen
✦ krimboka Farvel, Farah Diba av Fossum, ein psykologisk thriller der spenninga ligg i skuggane
✦ hente gode og lokale varer på REKO-ringen
✦ Aslak Maurstad som dansa med krykker til musikken frå Forrest Gump – så vakker dans!
✦ om kvensk i dikstamlinga Tanker om et tapt språk av Marie Konstanse Skogstad
✦ frost på bakken 
✦ fascinerande å sjå desse unge handballspelarane leike seg til mål
✦ Hotel Victoria frå 1900, eit nydeleg bygg, og tenk at det huste byens fyrste kino då den opna i 1905
✦ gull på trea mot ein blå himmel, eit slikt syn i november, det gjer så godt 
✦ alltid like søtt når ein stor hund og ein liten katt blir venar 
✦ sjå vidare på Kompani Lauritzen: Tropp 2, for ein gjeng!
✦ kjenner meg veldig igjen i denne forskinga, nemleg at ein blir stressa og uvel av feil grammatikk
✦ ein spraglete katt som sprang rett foran meg på ein liten gåtur
✦ sundagsmorgon etter frukost: dagens andre kopp med kaffi, kvar vår bok og eit favoritteppe

Legg igjen ein fin tanke