Tenk at november kan vere slik! For i mitt hovud er november ofte regntung. Gjekk ein tur ved Mosvatnet, over kulverten og bort til Vålandsskogen i går, og sjølv om mange av trea byrjar å bli nakne, er det fleire som framleis er fulle av gylne blad. Sola fekk alt lauvet til å skine som gull eller bronse, og det såg ut som om både endene, svanene og måkene koste seg i haustsola.
Alléen ved Mosvatnet, nett no så varmt og gyllent. På kulverten er graset enno grønt, ei svane i einsam majestet fann noko å ete, himmelen lyseblå. Mellom trea fekk solstrålane verkeleg skine (tihi), og det var så herleg å berre gå, berre vere. Nyte at novembersola varma. Såg nyleg ein episode av Verda rundt på skjener med Tony Robinson, og det der med å berre oppleve utan at ein skal ha ei eige lista på alt, eg trur det er noko ved det: "And you’re right to sit here and take it in. To often people come to Alaska and they have a check list: «Saw a bear, saw a glacier, saw the Aurora». And I just want them to stop and focus on what it is that makes the experience unique to them.".
Legg igjen ein fin tanke