15. mai 2023

Konfirmasjon – der bunadar møtast







Førre gong var det konfirmasjon i september på grunn av pandemien. No blei det i mai, slik det som oftast er. Gradestokken viste over tjue gradar, så det blei ikkje noko hoppebilete med bunaden – det var rett og slett for varmt til det! Men me hadde ein fin dag i lag med tante-/onkelbarn, svoger og svigerinne, mannen min sin familie og familien til svigerinna mi. Artig at det blei snakka både norsk, engelsk, tysk og italiensk og at det blei allsong til ein italiensk song og Jahn Teigens "Do-re-mi"-melodi. Praten gjekk i eitt, det var fine talar, god mat og noko søtt for ein kvar smak. Stor stas å ha på bunaden min, og kjekt å sjå begge niesene våre i Ørskogbunad (mønsteret kjem faktisk frå garden der mannen min vaks opp). Håper konfirmanten fekk ein flott og minnerik dag!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Nei se! - Der er jo kaka mi :-) Og Bestemors og Bestefars fruktsalat - he he :-) Artig å se det på bilder, for alt dette er jo nå borte vekk forlengst!
Kjekk fest for jenta vår, og koselig at så mange kunne komme. Kanskje får vi en ny runde om to år :-)

Silje sa...

Ein kjempeflott dag med fine folk, sol og mykje godt mat, både kaka og fruktsalaten var veldig god, rett og slett ein finfin og minnerik dag! :D

Legg igjen ein fin tanke