7. mai 2023

Forskjellige ting i ei veke med fire arbeidsdagar




Frimåndag, fire klassar på DKS-opplegg, foredrag og fargerike blomar på Wiig Gartneri og ein laurdagskveld med taco og brettspel. Mi veke heilt kort oppsummert. Er også nyleg blitt med i orkesterets styre, og veit ikkje om eg er heilt førebudd på å vere kasserar. Men eg får prøve å gjere eit forsøk. Om ikkje anna var det veldig kjekt å vere med to venar på vår årlege tur til Wiig Gartneri. Han eine skulle til og med ha foredrag, i år som i fjor, og denne gongen var også Finn Schjøll med på foredraget. Artig! Spelekveld hos tante med broremann og mannen min var endå artigare! Lesing og strikking i helga i tillegg til ein liten sykkeltur i sola i dag. Over til sundagspunkta:

lese bok nr. tre i serien om Bergman-søskena, og eg likte godt Ever After Always
sollyset gjennom skyene på veg til jobb med morgontoget
bokklubbmøte på nettet med den finaste gjengen
trur eg har vist denne før, men Hugh Jackman som syng frå musikalen The Music Man, så løye!
og her er originalen: "Rock Island", opningscena frå musikalen
småhumra medan eg las Dødens læregutt av Terry Pratchett
blomebukett i friske fargar i heimen vår
sjå ferdig Shetland (kjem til å sakne Jimmy Perez)
opne ny park med biokull som tema der både ein skuleklasse og ordføraren var til stades
helse på finaste krøllebølle som gjerne ville vere med oss og spele gøyale spel
viktig at dette blir sett på: ei quizbok om fotball der berre 10 av 520 spørsmål er om kvinner
spele "Takenoko" (aka pandaspelet), ete taco og berre ha det hyggeleg hos tante i går kveld
koseleg hus og små, grøne blad på eit tre
altså, sjå denne bittelille, søte kattungen – eg smeltar!
å spasere ned ein vårgrøn allé
fargerike klassikarar i ein bokhandel
høyre foredrag med Dennis og Finn ute på Wiig Gartneri
lille Haru, like nusseleg i kvar einaste video 
kose meg med strikkinga no i helga
sjå både lam, fole og rådyr på veg til og frå gartneriet
knallgod kanelsnurr kjøpt på REKO-ringen, kaffi og den finfine boka The Heart Principle

Legg igjen ein fin tanke